Alexey E. Kurbanov er organist, pianist og komponist. Han har, sidan 2000, vært organist og musikklærar i Aure i Møre og Romsdal.
Kurbanov er fødd i 1971 i den gamle vikinghovudstaden Novgorod (Holmgard) i Gardarike (Russland, Sovjetunionen). Utdanna frå ein av verdas beste musikkinstitusjonar – Leningrad / St. Petersburg Rimsky-Korsakov Musikkonservatoriet, og so frå Rotterdams Conservatorium. Kunstvitskapskandidat.
Kurbanov har komponert ca. 180 verk for forskjellege instrumentale og vokale setnader.
Sidan 1984 har han drive med konsertverksemd i Sovjet / Russland, Noreg og andre land, båe solo og i samarbeid med fleire andre musikarar. Han beherskar forskjellege tangentinstrument: orgel, piano, harmonium, cembalo, klavikord, osb. Han spelar musikk i nesten alle slags sjangrar, frå klassisk til slager- og filmmusikk.
Kurbanov har delteke i diverse musikkprosjekt, mellom anna i musikalen ‘Spelmann på taket’ (2001, Aure og Brekstad), og i samling av folkemusikkboka Enno så segla ho Magnill, Nordmøre Mållag, 2002. Han er aktiv målmann og mållagsmedlem.
Han er óg medlem i St. Petersburg Union of Composers, Deutsche Richard-Wagner-Gesellschaft, TONO, Gramo, CREO (tidl. MFO), GramArt, Norsk Artistforbund, Det Norske Orgelselskap, Svenska Orgelsällskapet, EPTA Noreg, Trondheim Kammermusikalske Selskap, Griegselskapet i Oslo og FolkOrg (lokallag – Nordmøre Spelmannslag).
Kurbanov er tildelt Kuilturprisen for Aure kommune for året 2009.